Noregs Mållag 9. SEPTEMBER 2010

Framside Kvifor nynorsk? Kva er ein nynorskklasse? Korleis lagar ein nynorskklassar? Døme på brev Rettar og lovreglar Peikarar Kontakt
http/

Ein nynorskklasse-elev

 (04.09.2007)

Sigrid Kleiva Gramstad kjem frå Oslo og gjekk i nynorskklasse på Sagene skole. Ho fortel her om røynslene sine som oslojente i nynorskklasse.

Sigrid Kleiva Gramstad kjem frå Oslo og gjekk i nynorskklasse på Sagene skole. Ho fortel her om røynslene sine som oslojente i nynorskklasse.

- Korleis hugsar du det å gå i nynorskklasse på barneskulen?
Eg hugsar vel det som alle barn hugsar; leik og moro, lekser og læring. Eg gjekk på ein skule som, eg oppdaga då eg vart eldre, var litt annleis enn andre. Det var ein skule med svært høg prosentdel med minoritetsbakgrunn, som hadde pakistansk mat på 17. mai og der det var vanlegare å vere muslim enn kristen. Dette er noko eg er svært takksam for. I tillegg til at det var mange med annan kulturell bakgrunn enn norsk, gjekk eg i nynorskklasse.

- Skilde klassen din seg ut frå andre klassar? Vart de rekna som ein ”spesialklasse” i høve dei andre klassane? Fekk de høyre frå dei andre at de var ”annleis?”
Ja og nei. Vi skilde oss positivt ut mellom anna fordi vi hadde mindre slitte bøker, ettersom vi måtte ha dei på nynorsk. I tillegg var vi jo i ei mindre klasse enn dei andre – vi var berre 14 stykk. Likevel trur eg ikkje at vi skilde oss så mykje ut, vi var godt integrerte med dei andre og hadde vener på tvers av klassane. Eg kjende meg aldri spesiell på grunn av hovudmålet mitt.

- Det meste av skrift utanfor skulen er på bokmål, korleis var det å ha nynorsk hovudmål med bokmål som dominerande språk utanfor skulen?
For meg personleg var det heilt naturleg: det var ingen som sa til meg at det ikkje var det. Det var først då eg vart litt eldre at eg skjøna at det var annleis, kanskje då eg var rundt 10. Vi las jo bøker og tekstar på nynorsk i skulen – det var nok det eg vart mest eksponert for. Eg skreiv mitt språk og meinte det var det mest naturlege i verda, som det jo også er.

- Du kjem frå Oslo og snakkar oslomål; var det ikkje litt unaturleg å lære nynorsk som fyrste opplæringsspråk?
Sagene ligg jo på austkanten i Oslo, der nyttar ein mykje a-endingar og har eit språk som ligg nærmare det gamle vikamålet ( i alle fall då eg vaks opp) enn på vestkanten. Eg trur ikkje det er noko som er unaturleg ved å lære eit skriftspråk på barneskulen. Eg trur at du lærer det du lærer, og at ting fyrst blir vanskeleg når ein blir lært at det er vanskeleg. For meg var det, som sagt, det mest naturlege i verda.

- Du lærte nynorsk som hovudmål; korleis gjekk det med å lære bokmål?
Det gjekk kjempelett. Ein får på mange måtar to språk gratis ved å ha nynorsk som hovudmål – bokmål lærer ein av media, og nynorsk lærer ein på skulen. Eg blir utruleg provosert over folk som seier at born ikkje kan takle å lære å skrive to språk. Eg vil seie at eg er eit levande døme på at det berre er positivt.

- Då de gjekk over til ungdomsskulen; var det då ein fordel eller ei ulempe å ha gått i nynorskklasse på barneskulen?
Det var ein fordel! Då kom jo sidemålet opp, og gjekk leikande lett. Det gjekk lett for oss som allereie kunne begge og trong lite undervisning, medan dei andre hadde haldningane som hindringar (og eit svært konvensjonelt læringssystem) og hadde større problem. Det var definitivt ein fordel å ha nynorsk som hovudmål.

- Ofte vert det sagt at vi ikkje får bruk for nynorsk etter skulen. Har du fått bruk for det etter skulen?
Det er jo språket mitt, så eg vil definitivt seie at eg har fått bruk for det etter skulen. I tillegg til at det er språket mitt, så veit eg at eg aldri vil få noko problem med å jobb i t.d. stat eller skule på grunn av mangelfulle norskkunnskapar. Eg opplever også at det er lettare å lære seg andre språk med både nynorsk og bokmål, både av di eg er vane med å simultanomsetje alt som står på tavla på bokmål til nynorsk og liknande, men også av di det er ein meir systematisk grammatikk i nynorsk med tydlegare definerte kjønn, slik ein også finn i mange andre språk. Mest av alt vil eg seie at det har gitt meg nytte i form av at det har forma identiteten min og har unngått å gjere meg til ein av desse arrogante Oslo-ungdomane som trur at Oslo er verdas navle. Nynorsk i Oslo er rett og slett med på å utvide perspektivet.

- Vil du rå foreldre til å velje nynorsk som fyrste opplæringsmål for borna sine i dag?
Definitivt. Det er inkje anna enn ein styrke.

Ingar Arnøy

© Noregs Mållag 2010 - Sidene laga av Zetta AS