Noregs Mållag 23. SEPTEMBER 2017

Framside Kvifor nynorsk? Kva er ein nynorskklasse? Korleis lagar ein nynorskklassar? Døme på brev Rettar og lovreglar Peikarar Kontakt
http/

Ein nynorskklasse-far

Terje Torkildsen ein av foreldra som ville ha ein nynorskklasse ved Våland Skole i Stavanger. Hausten 2007 var den ein realitet.

"

– Kvifor valde du nynorsk for barnet ditt?
– Me er opptekne av språk og identitet. Eg bruker nynorsk sjølv og trur det er best også for borna mine.

– Korleis har dei fyrste månadene vore?
– Det har vore kjempekjekt. Eg har inntrykk av at det ikkje er så stor skilnad for elevane om dei har nynorsk eller bokmål dei fyrste åra. Skuledagen er lang og SFO er ein vikitg del av av dagen og då heng dei saman med andre som ikkje nødvendigvis går i same gruppa. Eg merkar likevel at nynorskelevane er meir medvitne om språk enn bokmålselevane, men eg trur at det å ha nynorskklassar på ein bokmålsskule også aukar det språklege medvitet hos dei andre elevane. Sjølv gjekk eg på bokmålsskule då er var liten og fram til eg byrja på ungdomsskulen trudde eg at nynorsk var det same som nordnorsk.

– Kva informasjon fekk de frå skulen/kommunen om dette valet?
– Det var mogleg å kryssa av for nynorsk ved innskrivinga. Elles visste eg at me måtte fiksa resten sjølv. Så me samla nokre foreldre på hausten som me visste ville ha nynorsk. Så inviterte me til ope informasjonsmøte. Deretter følgde me opp foreldre som sat på gjerdet. No møtest me fedrar på pub ein gong i månaden.


© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS