Noregs Mållag 18. NOVEMBER 2017

Framside Kvifor nynorsk? Kva er ein nynorskklasse? Korleis lagar ein nynorskklassar? Døme på brev Rettar og lovreglar Peikarar Kontakt
http/

Nynorskklasse!

Ti elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. 

"

Mållaget har laga eit heilt nytt flygeblad der du får svar på kva er ein nynorskklasse, korleis fungerer det og kvifor nynorskklasse? Sjølv om barnet ditt skal gå på ein bokmålsskule, er det likevel fullt mogleg å velje nynorsk som opplæringsspråk. 

Dersom foreldra ynskjer det, kan alle skular i landet tilby nynorskundervisning frå 1. klasse. Om foreldra til minst 10 av elevane vel nynorsk som opplæringsspråk, blir det oppretta ein nynorskklasse på skulen der barnet ditt skal gå. 

I flygebladet er det også eit intervju med Sigrid Kleiva Gramstad og Malin Häggkvist Wallin frå Oslo som gjekk i nynorskklasse på Sagene skole. 

Du kan laste opp ein PDF-versjon som ligg nedanfor. Eller du kan tinge det nye flygebladet gratis frå Krambua

Relaterte filer:

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS