Noregs Mållag 9. SEPTEMBER 2010

Framside Kvifor nynorsk? Kva er ein nynorskklasse? Korleis lagar ein nynorskklassar? Døme på brev Rettar og lovreglar Peikarar Kontakt

Rettar og lovreglar

Vilkår for ein parallellklasse
Om du bur i eit bokmålsområde er det ikkje dermed sagt at ungane dine er nøydde til å få opplæring på bokmål. For å få til nynorsk parallellklasse må dette vilkåret vere oppfylt: - foreldra til minst 10 elevar må krevje det

Kva seier lova om parallellklasse
Reglane for parallellklassar med anna opplæringsmål enn det som er hovudmål for skulen finn ein i Opplæringslova.
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova),

§ 2-5. Målformer i grunnskolen, 4. leddet:
«Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.»
Ein kan altså opprette parallellklassar på alle klassestega i barneskulen, og det finst døme på at klassar har blitt delt etter 1. klasse.

§ 8-1. Skolen
«Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.
Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.»

Dette vil seie at:
- Alle skuleelevar har rett til å gå på den nærmaste skulen. Det vil seie at dersom det er ti foreldre eller fleire innanfor ein skulekrins som ynskjer nynorsk, har dei rett til å starte ein slik klasse.

- Dersom det er minst 10 foreldre innanfor ein skulekrins og minst 10 foreldre innanfor ein annan skulekrins som ynskjer nynorskklasse for borna sine, skal kommunen skipe nynorskklasse på kvar skule.

- Dersom det minst ti foreldre som ynskjer nynorskklasse, men der borna soknar til fleire skular, har foreldra sjansen til å samle elevane på éin skule.

- Kommunen har korkje rett eller plikt til å gjere noko anna enn det foreldra vil.


© Noregs Mållag 2010 - Sidene laga av Zetta AS