Noregs Mållag 23. SEPTEMBER 2017

Framside Kvifor nynorsk? Kva er ein nynorskklasse? Korleis lagar ein nynorskklassar? Døme på brev Rettar og lovreglar Peikarar Kontakt

Kvifor nynorsk?

"


Alle skal lære bokmål og nynorsk
I 2002 vedtok Stortinget samrøystes ein ny språkpolitikk for Noreg. Frå og med no er det ikkje eit føremål for staten å undergrava eksistensen til nynorsk og bokmål − tvert imot ynskjer styresmaktene å leggje tilhøva til rettes for at alle i Noreg skal bli reelt tospråklege.
I grunnskulen skal alle lære å skrive bokmål og nynorsk like godt. Når elevane er ferdige på skulen skal dei vere i stand til å velje kva språk dei ynskjer å bruke som hovudmål. Difor tel mellom anna karakterar i hovudmål og sidemål likt ved opptak til vidaregåande skule og høgare studie.

Dei som lærer nynorsk fyrst, blir betre i både nynorsk og bokmål
Elevane får fordelen to gonger: Det er rimeleg nok lettare å lære nynorsk dersom eleven lærer nynorsk frå fyrste klasse. Mange foreldre har valt nynorsk for ungane sine fordi dei hugsar at dei sjølve ikkje lærte nynorsk godt nok gjennom sidemålsopplæringa på ungdomsskulen. Bokmål er derimot mykje lettare å lære som det andre språket, dvs. som sidemål.

Positive haldningar og språkleg medvit
Born i alderen 3-10 år har ei svært stor evne til å lære seg språk. Og dei har ingen fordomar mot så vel språk som einskildord (slik mange vaksne kan ha). Lærer borna nynorsk frå 1. klasse er det svært sannsynleg at dei ikkje får negative haldningar til nynorsk generelt og viljen til å lære seg nye ord spesielt.

Betre og meir førebudd på språksamfunnet
I dagens samfunn og i framtida vil fleire og fleire arbeide med språket som viktigaste arbeidsreiskap. Dei som har hatt nynorsk som hovudmål i skulen har eit dobbelt sett omgrep dei kan nytte, og dei kan i større mon enn dei som har lært bokmål frå 1. klasse utnytte mangfaldet som finst i norsk språk.


© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS