Noregs Mållag 18. NOVEMBER 2017

Framside Kvifor nynorsk? Kva er ein nynorskklasse? Korleis lagar ein nynorskklassar? Døme på brev Rettar og lovreglar Peikarar Kontakt

Korleis lagar ein nynorskklassar?

"

Innskrivinga
Dei fleste kommunar plar ha innskriving på hausten året før skulestart eller i januar same året som skulestarten er. Ved innskrivinga skal foreldra fylle ut eit skjema. På dette skjemaet skal det stå mellom anna dette: Val av opplæringsmål – kryss av for bokmål eller nynorsk. Her kan foreldra velje opplæringsmål.

NB! Dette skjemaet er ikkje bindande, dvs at det er råd å velje om att etter at ein har kryssa av for «val av opplæringsmål». Om du har kryssa av for bokmål på innskrivingsskjemaet, kan du like vel seie frå til skulen seinare at du ynskjer at barnet ditt skal ha nynorsk som fyrste opplæringsspråk. Det er ingen frist for å levere ynske/krav om opplæringsspråk!

Kontakt med skulen
Det kan vere lurt å seie frå til skulen tidleg at de ynskjer nynorsk for barnet dykkar. Då får skulen også god tid til å planleggje og førebu neste skuleår.

Liste over elevar som skal byrje på skulen
Dette er kan hende det viktigaste: Skulen får kvart år melding frå kommunen kven som skal byrje på skulen neste skuleåret (som oftast får skulen denne oversikta i september/oktober). Alle foreldre til born som skal starte på skulen det aktuelle skuleåret, har krav på å få utlevert denne lista! Denne lista er avgjerande for at de skal kunne kontakte og orientere alle foreldra om at de ynskjer å få starta ein nynorskklasse på skulen.

NB! Dersom de kontaktar skulen: Be gjerne også om å få vite om det er andre som har kryssa av for nynorsk for borna sine.

Kontakt med andre foreldre
Den sikraste måten å få oppretta ein nynorskklasse på, er ved å snakke med andre foreldre. Det kan gjerast på mange måtar: direkte kontakt, brev, informasjonsmøte osb. Noregs Mållag har over 30 års røynsle med samarbeid med foreldre om slikt arbeid – spør oss gjerne om dette!

Krav om oppretting av klasse
Det finst ingen reglar for korleis foreldra kan eller skal leggje fram ynske om oppretting av nynorskklasse. Like fullt plar mange foreldre som arbeider for å få oppretta klasse å bruke ei «underskriftsliste» der foreldra skriv under.

Døme på brev


© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS